
Nett mot natur
Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.

Om regjeringa lukkast å få denne saka gjennom Stortinget ,vil dette for det første bety ei suverenitetsavståing til EU ingen har bedd om og som Grunnlova krev ¾ fleirtal for. Difor utfordrar me Stortinget til å behandla denne saka etter § 115 i Grunnlova . Elles betyr det at Stortinget undergrev Grunnlova og gjer at politikarar kan laga eit sklibrett bort frå §115 slik at den vert sett ut av kraft. Det er jo muleg å bagatellisera denne saka og framtidige saker med at det «ikkje er så omfattande suverenitetsavståing». Då kan eit knapt fleirtal styra Norge inn på ville veier og §115 mista si kraft.
Regjeringa foreslår at dette skal stortinget bare vedta med simpelt fleirtal. Før valget i fjor haust sa 48 av dei valde representantane at dei ville stemma mot. Kanskje difor prøver dei nå , på tross av at jus- professorar advarer mot dette, å få saka gjennom utan å bruka § 115 sitt krav om ¾ fleirtal.
Om stortinget vedtek å gje ACER kontroll over energinett -og kjøring, vil dette setja 11 000 industriarbeidsplasser i kraftkrevjande industri i fare. Dei er jo avhengige av langsiktige og låge straumprisar som har vore det viktigaste konkuransefortrinnet for desse bedriftene.
Dette er bedrifter som for det meste ligg i distrikta, som distrikta er avhengige av for å tilby arbeid til distriktsbefolkninga.
For det tredje er straumprisane i EU land om lag det dobbelt så høge som våre prisar. Når prisane skal harmonerast vil dette føra til ein dramatisk auke i vår straumpris ved å vera ein del av EU si indre forsyning.
For det fjerde vil det vera ein miljørisiko å innføra ei ordning med generell oppumping av vatn til vannbasseng om natta ved låg straumpris, og råkjør av turbinar og kraftanlegg med stadig sterk skiftande vassføring i vassdraga.
Nei til EU arbeider saman med andre viktige samarbeidspartnarar i LO, politiske parti, miljø og naturorganisasjonar mm for å stoppa forsøket på å godta dette direktivet. Norge vil ikkje ha fordeler om me vert underlagde ACER, men mange ulemper. Derfor bør me alle prøva å hjelpa stortinget til å fatta eit fornuftig vedtak i mars i år: Nei til ACER.

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
.jpg?quality=100)
Full tilknytning til EUs tollunion vil sette 80.000 arbeidsplasser over hele landet i spill, skriver Morten Harper.

Selv om det er mulig for Norge å bli en del av EUs tollunion, også uten å være EU-medlem, er gevinsten usikker og ulempene betydelige, skriver Morten Harper.