Vannkraftverk.

Folket skal eige krafta

Stortinget må avvise at Noreg sluttar seg til Acer, skriv Jostein Hansen og Asbjørn Geithus frå Gloppen Nei til EU.

Elektrisk energi frå fossefall var noko nytt tidleg på 1900-talet. Dei som forstod kva verdiar som var her, starta å kjøpe norske fossefall. Regjeringa i Noreg fekk sjokk då dei fekk oversikt over kor mykje utanlandsk kapital hadde kjøpt. Frå 1906 til 1917 gav det norske Stortinget ein serie konsesjonslover for vasskraft, og for andre naturressursar som skog og bergverk. Grunnprinsippet var at norske naturressursar først og fremst skulle eigast av den norske offentligheita eller på annan måte vere under streng demokratisk kontroll. Private selskap kunne få konsesjon, løyve, til å bruke fossefall. Men den norske staten sette vilkår for kvar konsesjon. Og eigarskapet til kraftverket med alt utstyr skulle gå vederlagsfritt til staten etter konsesjonstida; som har variert mellom 50 og 75 år. Prinsippet om folket sitt eigarskap vart også lagt til grunn då oljepolitikken vart utforma på 1960-talet.

Unionen EU har mål om å styre meir

EU er prega av mange motstridande interesser. Etter Brexit skulle ein tru at dei som vil køyre gjennom meir union, slo av på farten for ikkje å provosere meir motstand mot heile EU-opplegget. Men nei, dei held stø kurs mot meir union på nye felt, og får på plass ny lovgjeving.

Acer

Energibyrået Acer, Agency for the Cooperation of Energy Regulators, vart grunnlagt i 2009 og skal styre og kontrollere omsetnaden av energi. Målet er at all energi skal flyte fritt over landegrensene, berre styrd av marknaden. Acer har som mål å lage eit felles europeisk nett for både gass og straum. Nasjonale omsyn skal ikkje kunne takast. EU vil ha heile regelverket for Acer inn i EØS-avtalen.

Noreg er ein suveren stat

Etter at personalunionen med Sverige og felles konge tok slutt i 1905 har Noreg vore ein fullt ut suveren stat. Det inneber at andre statar og organisasjonar ikkje kan styre over Noreg, lage lover som skal gjelde i Noreg.

Paragraf 115 eller paragraf 26

Paragraf 115 i Grunnlova opnar for at Noreg kan overføre myndigheit til internasjonale organ der Noreg er medlem. Paragrafen krev tre fjerdedels fleirtal i Stortinget for slik suverenitetsoverføring. Paragraf 26 i grunnlova kan brukast ved myndigheitsoverføring så lenge denne overføringa er ”lite inngripande”. Då er vanleg fleirtal nok. Regjeringa hevdar at overføringa av styringsrett til Acer ”ikke er inngripende”, og at Stortinget difor kan vedta å late Acer overta styring med distribusjon av norsk kraft med vanleg fleirtal, og ikkje med tre fjerdedels fleirtal. Dersom suverenitetsavståing på eit så sentralt område som distribusjon av energi ikkje er inngripande, kva er då inngripande?

Forventa konsevensar

Dersom Stortinget sluttar Noreg til Acer, vil prisnivået i EU-land vi har kablar til også prege prisnivået i Noreg; Innan 2030 kan vi forvente at straumprisen aukar med minst 30 prosent, og same prisauken for nettleiga. Kraftkrevjande eksportindustri vil miste sin viktigaste konkurransefordel. Og det aller viktigaste; Det vil ikkje vere mogeleg å endre politikken gjennom vedtak i Stortingsval, for med Acer på plass er det EU som bestemmer.

Folket skal eige naturressursane!

Heilt sida konsesjonslovene vart laga for over hundre år sidan har dette prinsippet slege solid rot. Og dette prinsippet har framleis tilslutnad frå eit stort fleirtal. Stortinget må avvise at Noreg sluttar seg til Acer.

Stort bilde i toppen: Vannkraftverk. (© Statkraft)

reLATERT

Se alle arrangementer

Folket tenker selv

09. des. 2025

I slutten av november var det 31 år sia vi stemte nei til å bli medlem i EU. En beslutning det norske folk tok fordi vi er i stand til å tenke selv.

Nei til EU podkast: Burde Norge komme med en reaksjon på EUs jerntoll?

05. des. 2025

I denne korte miniepisoden av Nei til EUs podkast diskuterer Einar Frogner og Alexander Fossen Lange den nye EU-tollen på norske ferrolegeringer.

Regjeringen må stå opp for norske interesser

04. des. 2025

EUs nye toll på norske ferrolegeringer viser at EØS-avtalen ikke er verdt papiret den er skrevet på, skriver Einar Frogner i Nei til EU.

Vil ikke bukke, nikke og neie for EU

02. des. 2025

– Vi har alt å tjene på godt samarbeid med våre naboland. Men vi har ikke noe å tjene på at det skal gå automatikk i at det som bestemmes i Brussel skal alltid godtas i det norske Stortinget, fastslo Senterparti-leder Trygve Slagsvold Vedum i EU/EØS-debatten.

Et norsk mottrekk?

01. des. 2025

Å svare på EUs jerntoll med mottiltak vil ivareta både norske økonomiske interesser og EØS-avtalens prinsipper.

EUs jerntoll mot Norge

25. nov. 2025

EØS-avtalen skulle utelukke toll på industrivarer, men nå har EU innført kvoter og toll på ferrolegeringer fra Norge og Island. Hva koster EUs toll, og hva er konsekvensene for norsk industri?

Ja-sidas fallitt i møte med EU-makta

25. nov. 2025

Har vi ei regjering som har som eneste strategi å logre for Brussel og håpe at de ikke banker oss opp enda en gang?

Legg ned veto mot dei nye energidirektiva!

21. nov. 2025

Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva.

EØS-avtalen har spilt fallitt

20. nov. 2025

EUs nye tollsatser overfor Norge viser at vi må tenke nytt om vårt forhold til unionen.

EUs tollavgjørelse om norske ferrolegeringer er uakseptabel 

13. nov. 2025

EU har gjort det klart at det legges opp til at Norge vil rammes av toll på ferrolegeringer.

Nei til EU krever veto mot de nye energidirektivene

11. nov. 2025

Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 9. november 2025.

Ingen seier i saken mot minstelønn 

11. nov. 2025

I dag avsa EU-domstolen sin dom i saken om minstelønnsdirektivet.  – Nå må regjeringa stå på kravet om at minstelønnsdirektivet ikke er EØS-relevant, sier Einar Frogner, leder i Nei til EU.