Noreg må styre krafta si sjølv!
EU planlegg ein eigen energiunion der føremålet er «fri flyt» av energi over grensene, slik at det kjem EU si konkurranseevne til gode.
Planen er at det skal kome nye reglar som skal sikre EU sin «femte frihet», fri flyt av energi, som vil gjera det umogleg for Stortinget å kunne ha hand om eigen kraft
Energibyrået ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators) skal forvalte energibruken utan politisk styring.
Dersom Noreg sluttar seg til dette, betyr det at landet fråskriv seg råderetten over kva landets eigen kraftproduksjon skal nyttast til. Gjennom EØS-avtala vil ein da underordne seg EU sin energiunion via energibyrået ACER når saka skal avgjerast i Stortinget 16. mars.
Dette handlar i så fall om suverenitetsavståing i strid med Grunnlovas paragraf 115 dersom ein ikkje oppnår tre-fjerdedels fleirtal.
Konsekvensane vil fort kunne bli høgare straumprisar til forbrukarane, slå negativt ut for kraftkrevjande industri, koste arbeidsplassar og teknologiutvikling. I tillegg vil det føre med seg meir såkalla «effektkøyring» i vasskraftverk, noko som er svært uheldig for vassdraga både estetisk og for det biologiske mangfaldet.
Fleire kommunar og fylkesting, mellom anna fylkestinget i Telemark, har kome med uttale mot at Regjering og Storting sluttar seg til EU sin energiunion, og med det avgjev suverenitet til ACER.
Vest-Telemark Nei til EU meiner norsk kraft skal nyttast til ei berekraftig utvikling av landet, og bed Regjeringa og Stortinget om å reservere Noreg mot suverenitetsavståing til energibyrået ACER.
Vrådal 5.februar 2018
Årsmøtet i Vest-Telemark Nei til EU