Krafta er vår

Løgn om ACER,EU og arvesølvet vårt, Terje Søviknes.

Olje og energiminister, Terje Søviknes virkar som han føler seg pressa til å gå ut i norske aviser og roa ned den store motstanden i folket mot å overføra kontroll og reguleringsmynde frå NVE,Noregs vassdrags og energibyrå til ACER, som er EU sitt energibyrå.

I debattinnlegga sine hevdar han at motstandarane sin argumentasjon «preges av feilaktige påstander»

Vidare skriv Søviknes; « Selv om Norge tar del i et mer harmonisert regelverk for energimarkedene gjennom EØS-avtalen, har vi full suverenitet over energiressursene våre»

Dette er LØGN Terje Søviknes. Frå og med Gro Harlem Bundtland til og med di regjering, har ulike regjeringar og stortingsfleirtal tilpassa Noreg  til EU.

Noreg røysta Nei til medlemskap i EU både i 1972 og i 1994. Ved begge røystingane var det eit fleirtal av norske kvinner og menn, som sa tydeleg frå om at dei ville ha sjølvråderett og ikkje bli styrte frå Brüssel.

Gro Harlem Brundtland var i forkant av røystinga i 1994 føre var og «overtalte» stortingsfleirtalet til å gå med på å erstatta den tosidige Handelsavtalen Noreg då hadde med EU med EØS-avtalen, med dei fylgjene at Noreg måtte gi opp mykje av sjølvråderetten sin. Direktiv etter direktiv frå Brüssel har gradvis bygd ned sjølvråderetten vår.

Vasskrafta skulle i utgangspunktet ikkje vera ein del av EØS-avtalen.

Men no vil EU og ACER gjerne ha arvesølvet vårt inn som ein del av EØS- avtalen.

Til no er det skrive meir enn tusen sider av eit regel verk for ei samordning av kraftproduksjon, kontroll og regulering av dette i EØS- området.

Her er det tydeleg at EU og ACER skal styre det heile.

Som for EØS- avtalen generelt vil det koma utfyllande direktiv til  dei allereie tusen sidene av regelverk for at effektivitet og inntening skal bli størst mogeleg.

Terje Søviknes – Ved å gå inn i EU sin energiunion mister Noreg suvereniteten til å styre, kontrollere og regulere norsk vasskraftproduksjon.

Terje Søviknes – kvifor nemner du ikkje opprettinga av RME, (Reguleringsmynde for energi). Dette er eit nytt organ som skal erstatta funksjonane til NVE. Dette organet skal vera frikopla styring og kontroll frå folkevalde på Storting og i regjering.

RME skal med andre ord gjera vedtak om norsk vasskraftproduksjon i samhandling med EU-kommisjonen og ACER utan at vår nasjonalforsamling skal stå opp for norsk eigedom og kraftproduksjon! Vedtak gjort av EU- kommisjonen går vidare til ESA, som gjer kopivedtak ( berre sender det vidare) til RME, som signerer vedtaket og gjer tiltak i samsvar med vedtaket i EU- kommisjonen. 

RME skal med andre ord styre energipolitikken i Noreg!

Stort bilde i toppen: Krafta er vår

reLATERT

Se alle arrangementer

Folket tenker selv

09. des. 2025

I slutten av november var det 31 år sia vi stemte nei til å bli medlem i EU. En beslutning det norske folk tok fordi vi er i stand til å tenke selv.

Nei til EU podkast: Burde Norge komme med en reaksjon på EUs jerntoll?

05. des. 2025

I denne korte miniepisoden av Nei til EUs podkast diskuterer Einar Frogner og Alexander Fossen Lange den nye EU-tollen på norske ferrolegeringer.

Regjeringen må stå opp for norske interesser

04. des. 2025

EUs nye toll på norske ferrolegeringer viser at EØS-avtalen ikke er verdt papiret den er skrevet på, skriver Einar Frogner i Nei til EU.

Vil ikke bukke, nikke og neie for EU

02. des. 2025

– Vi har alt å tjene på godt samarbeid med våre naboland. Men vi har ikke noe å tjene på at det skal gå automatikk i at det som bestemmes i Brussel skal alltid godtas i det norske Stortinget, fastslo Senterparti-leder Trygve Slagsvold Vedum i EU/EØS-debatten.

Et norsk mottrekk?

01. des. 2025

Å svare på EUs jerntoll med mottiltak vil ivareta både norske økonomiske interesser og EØS-avtalens prinsipper.

EUs jerntoll mot Norge

25. nov. 2025

EØS-avtalen skulle utelukke toll på industrivarer, men nå har EU innført kvoter og toll på ferrolegeringer fra Norge og Island. Hva koster EUs toll, og hva er konsekvensene for norsk industri?

Ja-sidas fallitt i møte med EU-makta

25. nov. 2025

Har vi ei regjering som har som eneste strategi å logre for Brussel og håpe at de ikke banker oss opp enda en gang?

Legg ned veto mot dei nye energidirektiva!

21. nov. 2025

Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva.

EØS-avtalen har spilt fallitt

20. nov. 2025

EUs nye tollsatser overfor Norge viser at vi må tenke nytt om vårt forhold til unionen.

EUs tollavgjørelse om norske ferrolegeringer er uakseptabel 

13. nov. 2025

EU har gjort det klart at det legges opp til at Norge vil rammes av toll på ferrolegeringer.

Nei til EU krever veto mot de nye energidirektivene

11. nov. 2025

Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 9. november 2025.

Ingen seier i saken mot minstelønn 

11. nov. 2025

I dag avsa EU-domstolen sin dom i saken om minstelønnsdirektivet.  – Nå må regjeringa stå på kravet om at minstelønnsdirektivet ikke er EØS-relevant, sier Einar Frogner, leder i Nei til EU.