Vedtaket i Fellesforbundet og SV sitt framlegg om ny utgreiing om EØS-alternativ viser at EØS-debatten har endra seg dramatisk, meiner landsmøtet i Nei til EU.
Styret i den største avdelinga i Fellesforbundet, avdeling 5 i Bergen, vedtok i november at de ønskjer at EØS-avtalen skal seiast opp. Dersom Fellesforbundet går mot EØS-avtalen på landsmøtet sitt i oktober, kan det føre til at heile LO går mot avtalen på kongressen i mai 2021.
– Grunnlaget for EØS-avtalen er nå i ferd med å breste. Avtalen har lenge ført til sosial dumping. Den grip heilt direkte inn i norsk arbeidsliv og tariffavtalar, no sist ved at Tariffnemnda let vere å allmenngjere reisebestemmelsane i industrioverenskomsten for utsende arbeidarar frå andre EØS-land, sa Kathrine Kleveland.
Vedtaket i Fellesforbundet kom rett føre Nei til EU-landsmøtet tok til, og vart motteke med jubel av landsmøtedeltakarane. Arbeidsplanen som landsmøtet vedtok, er tydeleg på at Nei til EU skal jobbe for at EØS-avtalen skal seiast opp seinast innan 2025.
Viktig vedtak i Fellesforbundet
Roar Abrahamsen er leiar i Fellesforbundet avdeling 5. Han har tidlegare stått i framste rekke i forsvaret av EØS-avtalen. I november var han med på eit samrøystes vedtak i avdelingsstyret med tittel «Fellesforbundet Avdeling 5, Fellesforbundets største avdeling - krever EØS avtalen oppsagt».
I ei rekke saker no har vi sett kva EØS-avtalen tvinger fram. Vi har sett korleis hamnearbeidarane har vorte herja med. I vinter hadde vi ACER-saka. Avdeling 5 og etter kvart Fellesforbundet sa klart nei til ACER, sa Abrahamsen til Frifagbevegelse.no 8. november.
– I tariffoppgjer etter tariffoppgjer har vi diskutert med Norsk Industri, vi har sete i utval med dem om reise, kost og losji, vi har drøfta. Så opplever vi at alt vi har snakka om vert underminert i Tariffnemnda, sa Abrahamsen.
– For oss var dette dråpen som har fått begeret til å renne over, sa han.
«NHO og Norsk Industri har med hjelp av ESA og Tariffnemdas vedtak om allmenngjøring av Verkstedoverenskomstens bestemmelser for dekning av reise, kost, losji og 20 prosent reisetillegg satt siste spikeren i kisten for frontfag, og EØS-avtalens oppslutning», heiter det vidare i vedtaket.
– Dei store partia argumenterer alltid mot å gå ut av EØS med å si at det er uklart kva alternativa er. Dersom dei då seier nei til dette framlegget, så er det vel fordi at dei fryktar at alternativa er betre.
Audun Lysbakken, SV-leder, i Nationen 5. desember 2018.
– Dei store partia argumenterer alltid mot å gå ut av EØS med å si at det er uklart kva alternativa er. Dersom dei då seier nei til dette framlegget, så er det vel fordi at dei fryktar at alternativa er betre.
Audun Lysbakken, SV-leder, i Nationen 5. desember 2018.
Marsjordre frå landsmøtet
Nei til EU-landsmøtet gav ei tydeleg marsjordre om å styrke og vidareutvikle samarbeidet med fagrørsla i Noreg og Europa.
– For Nei til EU er det også avgjerande å sikre full nasjonal råderett over offentlege tenester. Vi ser at ESA kjem med krav som fører til press for privatisering av offentlige tenester, sa Kleveland.
– Nei til EU vil bidra til å sikre fleirtal mot EØS-avtalen i fagforeiningar, forbund og hovudorganisasjonar fram mot neste LO-kongress våren 2021.
SV vil utgreie EØS-alternativ
SV-representantane Audun Lysbakken, Solfrid Lerbrekk og Arne Nævra leverte i desember eit representframlegg der der dei føreslår at Stortinget skal be regjeringa om å «sette ned et offentlig utvalg som skal utrede mulige alternativer til dagens EØS-avtale».
Kathrine Kleveland og Nei til EU stør framlegget om å greie ut alternativ til EØS-avtalen.
– Dei store partia argumenterer alltid mot å gå ut av EØS med å si at det er uklart kva alternativa er. Dersom dei då seier nei til dette framlegget, så er det vel fordi at dei fryktar at alternativa er betre, sa Lysbakken til Nationen 5. desember 2018.
Kleveland stiller seg bak framlegget.
– Det er på tide med ei ny utgreiing om konsekvensane av EØS-avtalen og å sjå på alternativa. Det burde både EØS-tilhengarar og EØS-motstandarar ønskje velkomen, sa Kleveland.
Tida er overmoden
Styret i Nei til EU vedtok ei fråsegn til støtte for ny utgreiing om EØS-alternativ 9. desember. I fråsegna heiter det at «Nei til EU mener det i dagens situasjon er nødvendig å skaffe mer kunnskap og undersøke nye muligheter for norske handelsrelasjoner med Europa. Tiden er nå overmoden for en slik offentlig, faglig gjennomgang. Dette kan bidra til en mer kunnskapsbasert debatt».
Stort bilde: Vil ha ny EØS-utgreiing. Kathrine Kleveland var i desember i møte med SV-leder Audun Lysbakken på Stortinget. Foto: Eivind Formoe
5 fakta om Norges handel med EU og Europa
■ En handelsavtale for vår tid? Fem viktige fakta om hvorfor norsk handel vil klare seg minst like godt med en handelsavtale som med EØS-avtalen.