Frå Spatak mot EU til Grønt Spatak

Feira 25 årsjubileum i sommar: – For meg er omsynet til primærnæringane hovudgrunnen for å vere mot EU-medlemskap, seier Ida Lovise Skylstad, som i sommar deltok på Grønt Spatak.

Grønt spatak er eit samarbeid mellom Natur og Ungdom og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Kvart år inviterer Natur og Ungdom rundt 80 ungdomar, frå 16 år og oppover, på eit gratis sommareventyr. I 1993 vart samarbeidet starta opp som «Spatak mot EU». I spissen for etableringa av prosjektet var sentralstyremedlem i Natur og Ungdom Tori Snerte, dåverande leiar i Småbrukarlaget Aina Bartmann, og dåverande leiar i Natur og Ungdom Heidi Sørensen. Etter folkerøystinga vart prosjektet vidareført.

– Da ble det Grønt Spatak istedenfor. Et prosjekt som kunne stå for seg, også utenfor EU-kampen, et prosjekt med lenger levetid, sa Tori Snerte til Nationen 30. juli.

Respekt for handverket

Ida Lovise Skylstad var i sommar for første gong med på Grønt Spatak, hjå Thomas og Kathrin Aslaksby på Nørrestogo og Olestølen i Øystre Slidre.

– Eg heldt mest på med ysting. Det er tradisjonelt ein måte å konservere mjølka på. Eg har fått ei stor respekt for handverkstradisjonane som ligg bak. Kva ein må gjere for å få den smaken ein vil ha. Det er veldig interessant å følgje ein ost frå mjølk til ferdig produkt, fortel ho, og stadfestar at osten vart veldig god!

(Artikkelen held fram under biletet)

12 Grønt spatak brunost
Elias og Ida Lovise kokar brunost saman med Thomas Aslaksby. Foto: Privat

I 2014 og 2015 arbeidde Ida Lovise Skylstad i Nei til EU som fylkessekretær og med anna organisasjonsarbeid. Samstundes var ho sentralstyremedlem og andre nestleiar i NU. Deretter fekk ho stilling som medlemssekretær i NU, og i dag arbeider ho i Naturvernforbundet med medlemsregisteret og brukar ferien på Olestølen.

– På støylen laga vi yoghurt, krem­ost, kvit geitost, kvit myglost som chevre, fetaost og brunost. Alt er laga av geitemjølk.

– Det tek lang tid å lage ostane. Brun­osten står og kokar i ti timar. Eg har stor respekt for arbeidet som blir gjort. Ein bonde må ha alle slags yrke i eitt.

– Dei fleste sit nok att med inntrykket av at det er meir jobb å drive gard enn dei trudde. Det er heile tida nok å gjere, seier Ida Lovise Skylstad, deltakar på Grønt Spatak sommaren 2018

– Ein vert meir og meir nyttig etter kvart. I starten er det mest opplæring, men etter kvart fekk eg ansvar for ystebua ein heil dag, og dermed ansvar for den osten som skal lagast den dagen.

I tillegg til ystinga var Ida Lovise med i fjøset og mjølka geitene og var med i slåtten.

– Kvar onsdag har dei open støyl der turistar kan smake på produkta og helse på dyra. Ein onsdag var det kø utanfor ein time før det opna, og 80–90 gjestar var innom i løpet av dagen. Ungane får røre i brunostgryta. Det er elles ein vanleg dag med mjølking på morgonen, og så lagar ein kvit- og brunost.

(Artikkelen held fram under biletet)

12 Grønt spatak Geit
Geitene leverer råstoffet til det som blir laga på Olestølen. Foto: Privat

Byungdom utan gardserfaring

Det er ikkje berre medlemer av NU som deltek på Grønt Spatak.

– Eg har eit inntrykk av at det er mykje byungdom som deltek på Grønt Spatak, og som gjerne har eit idyllisk bilete av gardslivet. Dei fleste sit nok att med inntrykket av at det er meir jobb å drive gard enn dei trudde. Det er heile tida nok å gjere.

– Mange har nok ikkje erfaring eller tilknyting til landbruk før dei deltek. Deltakarane er ikkje nødvendigvis medlemer av NU, så dei må vere med på eit helgeseminar der dei lærer om landbrukspolitikk og kvifor NU er opptekne av landbruket.

Plikt til å lage mat til eige folk

– For meg personleg er det omsynet til primærnæringane som er hovudgrunnen for å vere mot EU-medlemskap. For landbruket og fiskeria vil det vere negativt å vere med i EU. Og vi er nøydde til å ha lokal matproduksjon. Vi har ei plikt til å lage mat til eiga befolkning, seier Ida Lovise Skylstad.

– Beiteressurane er jo spreidd rundt i landet, og støylsdrift er ein bra måte å bruke ressursane på. Grasproduksjonen kan då nyttast til vinterfor. Dess meir vi brukar beiteressursane dess mindre kraftfor treng ein å bruke.

– Med tørka i sommar vart det tydeleg at vi må bruke dei beiteressursane vi har. På Grønt Spatak var vi med på lauving for å utnytte den fôrressursen også.

Visste ikkje om Spatak mot EU

12 Gaute Eiterjord
Gaute Eiterjord. Foto: Natur og Ungdom

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord har sjølv vore på Grønt Spatak to gongar.

– Eg visste ikkje at det starta som «Spatak mot EU» før eg las intervjuet med Toril Snerte i Nationen, men visste at det var eit resultat av det nære samarbeidet mellom NU og Småbrukarlaget på starten av nittitalet.

– Det er ei annleis oppleving og ein annan måte å jobbe på enn vi er vande med. Ein får praktiske oppgåver, lærer å bruke mjølkemaskin, setje opp gjerde og lage ost. Ein får god tid til å tenkje.

– For meg som har jobba mykje med landbrukspolitikk, så er det fint å sjå korleis det faktisk går føre seg.

Gaute fortel at dei som skal på Grønt Spatak får skulering i jordbrukspolitikk i Noreg og internasjonalt og om handelspolitikk.

– Ein blir engasjert i jordbrukspolitikk og tenkjer mykje meir på kvar maten kjem frå og kor mykje arbeid det ligg bak matproduksjon. Ein kjem nær jorda og merkar endringar, som når det ikkje regnar. Bøndene jobbar tett på naturen og er enda meir sårbare for klimaendringar enn vi andre.
Deltakarane i Grønt Spatak må vere med i minst ti dagar.

– Det er gratis å vere med i Grønt Spatak. Ein får kost og losji heilt gratis, men må stille med arbeidsinnsats og vilje til å lære, seier Eiterjord.

(Artikkelen held fram under biletet)

12 Grønt spatak Luking i kjøkkenhagen
Luking i kjøkenhagen på Nørrestogo. Foto: Privat

EU framleis viktig for NU

Gaute Eiterjord fortel om at den lokale matproduksjonen i Noreg var viktig for NU på nittitalet, og er det framleis.

– Vi ser at artikkel 19 i EØS-avtalen er ei utfordring for bøndene. Vi har gode føresetnadar for å lage kjøt og meieriprodukt sjølv i Noreg, men den aukande importen gjer det vanskeleg å få ein bra pris for varene i Noreg.

– NU er ikkje nødvendigvis mot handel med mat i seg sjølv, men basisvarene, kjøt og mjølk, bør vi kunne lage i Noreg. Og då er tollvernet viktig.

– Det er også enkelte ting norske politikarar kunne lært av EU. EU har støtteordningar for bygdevern og kulturlandskap. Norsk landbrukspolitikk kunne ha godt av å vende bort frå einsidig fokus på volum, i retning av vern av kulturlandskap. EU har også ein veldig ambisiøs plaststrategi.

– Forholdet vårt til EU er relevant for mange miljøspørsmål. Når vi ikkje er medlem, må vi bruke handlingsrommet til å føre ein god miljøpolitikk. Det gjer ikkje politikarane nødvendigvis. Det er viktig at neisida også påpeiker det, sjølv når det ikkje handlar om reine EU-saker.

– Neisida bør halde fast på kjerneargumenta frå nittitalet. EU-motstanden handla ikkje om nasjonalisme, men om miljø, folkestyre og solidaritet. Vi må jobbe for ein best mogleg miljøpolitikk i Noreg, avsluttar Eiterjord.

Stort bilete i toppen: Ida Lovise lagar kvitmyglosten Mugnetind. Foto: Privat

12 Grønt spatak Ida Lovise på fjelltopp
Ikkje berre arbeid. Fjelltur vart det også tid til. Foto: Privat

reLATERT

Se alle arrangementer

Kan gjøre det vanskeligere å iverksette klimatiltak

08. mai 2025

Innføring av EUs energieffektiviseringsdirektiv kan gjøre det vanskeligere å iverksette klimatiltak for norsk næringsliv. Nei til EU mener energieffektivisering i stedet bør gjennomføres med nasjonale krav, og at direktivene derfor må avvises i EØS.

EUs bygningsenergidirektiv kan ikke anses som EØS-relevant

07. mai 2025

Regjeringens forslag om å innføre EUs bygningsenergidirektiv avklarer ikke kostnader knyttet til gjennomføringen. Nei til EU mener direktivet ikke kan anses som EØS-relevant og må avvises.

Fornybardirektivet gir høy risiko for uforsvarlig saksbehandling

06. mai 2025

Nei til EU mener det er uklokt å innføre et direktiv som fastholder opprinnelsesgarantiordningen. Fornybardirektivets tidsfrist medfører høy risiko for uforsvarlig saksbehandling. 

Er EUs energisparemål effektivt?

28. mars 2025

Energieffektiviseringsdirektivet kan gjøre det vanskeligere å iverksette klimatiltak for norsk næringsliv.

Fornybardirektivet: Mer marked og mindre demokrati

14. mars 2025

​​​​​​​Fornybardirektivet finnes i flere versjoner. Felles for dem er mer markedsordninger og hastebehandling av kraftutbygging. Vi har gjennomgått noen sentrale deler av fornybardirektivene fra 2018 og 2023, og sett på likhetene og forskjellene.

Klokka tikker i skogen

10. mars 2025

Fornybardirektivet er akkurat det norsk natur ikke trenger nå.

Opprinnelsesgarantiordningen fredes, men til hvilken pris?

05. feb. 2025

Arbeiderpartiet lovet å skrote opprinnelsesgarantiordningen i Hurdalsplattformen. Nå har regjeringen snudd. Det er dårlig nytt for norsk industri.

Klar tale mot EUs fjerde energimarkedspakke på Trondheimskonferansen 2025

03. feb. 2025

Nei til EU var til stede på årets Trondheimskonferanse og arrangerte et godt besøkt EU/EØS-formøte. Årets resolusjon inneholder tydelige standpunkter mot overnasjonal kontroll fra EU i både energipolitikken og arbeidslivspolitikken.

Jordbruket og EU 

14. jan. 2025

Utenfor EU har Norge en egen jordbrukspolitikk, utformet gjennom jordbruksforhandlinger og politiske prosesser i Stortinget. Vi kan skreddersy politikken til å passe norske forhold. 

Regjeringen ønsker å overkjøre landbruket og miljøet

08. jan. 2025

Vi ønsker en avtale som kommer folk og klima til gode - ikke en som bare tjener snevre økonomiske interesser.

EUs karbontoll låser norsk industri til EUs marked 

07. jan. 2025

Regjeringen har vedtatt at Norge skal bli med i EUs nye karbontoll, også kalt CBAM (Carbon Border Adjustment Mechanism). Dette vil svekke konkurransekraften til norsk eksportindustri på verdensmarkedet og føre til avindustrialisering.  

Takk for maten

06. jan. 2025

Aldri vil jeg bytte bort svineribba med biff fra Belgisk blå.