
Norgespris er en utgift påført oss av EU – ta tilbake kontrollen over krafta
Norgespris kompenserer for høye strømpriser for husholdninger, men tar ikke problemet ved roten.

Natur og Ungdom hadde landsmøtet sitt 6.-10. januar. Olaf Gjedrem, nestleiar i Nei til EU, helsa landsmøtet i Natur og Ungdom på vegne av Nei til EU.
Landsmøtet valde Gaute Eiterjord (22) fra Stavanger til ny leiar. Nei til EU gratulerer Gaute Eiterjord med vervet!
– Gaute har mellom anna site i landbrukspolitisk utval i Nei til EU og er ein reflektert kar med stor breidde i kunnskapen, seier Kathrine Kleveland. Nei til EU ser fram til framleis godt samarbeid med Natur og Ungdom.
Her kan du lese helsinga frå Nei til EU til Natur og Ungdom:
Det er ei flott oppleving å vera blant dykk som vil noko og er frimodige og samfunnsengasjert. Eg var sjølv bare 15 år då eg vart lokallagsleiar på Bryne gymnas i Kristeleg folkepartis ungdom.
Nei til EU vil at Norge skal vera sjølvstendig slik at me på demokratisk måte kan utvikla vårt land, som er kåra av FN til å vera verdens beste, til å verta endå betre. Slik kan me best vera ein sjølvstendig stemme som vert lytta til av dei andre landa.
Me treng og ungdom i vårt arbeid, og eg ynskjer dykk hjerteleg velkommen i vår spennande og tverrpolitiske organisasjon, Nei til EU, som er ein av dei største politiske organisasjonane i Norge.
I dag er me opptekne av å stoppa EU og regjeringa sitt forsøk på å la ACER overta styringsretten over vårt energinett for elektrisk straum og gass. Me vil stoppa deira forsøk på å gje bort arvesølvet vårt. I over 100 år energien vore svært viktig for vår velstandsutvikling. Om regjeringa lukkast å få denne saka gjennom Stortinget, vil dette bety:
De er velkomne til å delta både her og elles i arbeidet med å påverka Stortinget til å stoppa forsøket frå regjeringa å leggja Norge inn under EU sin energiunion. EU skal ikkje få bestemma over Norge, me har sagt nei i to folkeavstemmingar. I det nåverande Stortinget har 83 av representantane sagt dei vil nytta retten til å seia nei til EU direktiv, meir aktivt. Nå får me sjå om dette gjeld ved denne første testen for det nye stortinget.
Me ber om dykkar engasjement og støtte, me treng den.
Lukke til med dykkar viktige arbeid, DE TRENGS.
Stort bilde i toppen: Landsmøte i Natur og Ungdom 9. januar 2018.
© Olaf Gjedrem

Norgespris kompenserer for høye strømpriser for husholdninger, men tar ikke problemet ved roten.

God avløpsrensing er viktig for både helse og miljø, men EUs reviderte avløpsdirektiv er lite treffsikkert, mangler lokal tilpasning og vil bli skikkelig dyrt for kommunene, skriver Einar Frogner i Nei til EU.
Forurensing fra avløp må reduseres, men EUs reviderte avløpsdirektiv er lite treffsikkert, mangler lokal tilpasning og vil bli skikkelig dyrt for kommunene.