Regjeringa bryt Grunnlova – det må prøvast for Høgsterett

Regjeringa og olje- og energiminister Terje Søviknes nektar framleis å bruke Grunnlovsparagraf 115 som krev tre firedels fleirtal i Stortinget for å vedta Acer og den tredje energimarknadspakka til EU.

Nestleiar i Nei til EU, Olaf Gjedrem (KrF), reagerer sterkt på dette.

– Regjeringa reduserer paragraf 115 til ei «grad av suverenitetsavståing». Det er eit omgrep som er ukjent i paragrafen. Same juridiske nytale blei òg nytta i høve til Finanstilsynet. Denne nye praksisen undergrev og opphevar i røynda paragraf 115 og bagatelliserer maktoverføring bort frå norske politiske organ. Dette er særleg ille i ein situasjon der Nei til EU si kandidatundersøking synte at halve Stortinget sa dei ville stå sterkare opp mot EU og nytta reservasjonsretten.

I NRK Debatten 1. mars konstaterte Eivind Smith, professor i jus ved Universitetet i Oslo, med vantru at Lovavdelinga i Justisdepartementet medgir at det er «betydelige politiske og samfunnsmessige interesser involvert i denne saken», og likevel seier ein at dette «ikke er så viktig». Dette er inga god løysing for å skape politisk ro om ei sak, var bodskapen frå Smith.

Kristelig Folkeparti vil no at Stortinget ber Høgsterett om å vurdere kva energisamarbeidet vil tyde for Norge sin råderett over eigne naturressursar, slik Grunnlova § 83 gjev høve til.

Nei til EU stør dette framlegget fra KrF. Høgsterett må få uttale seg i ei sak der det rår stor usemje og tvil rundt juridiske og konstitusjonelle spørsmål som direkte vedkjem våre demokratiske prosesser og sjølvstendet til landet vårt. Det innebér sjølvsagt også utsatt sakshandsaming av den tredje energimarknadspakka.

Om Stortingsfleirtalet likevel avviser framlegget frå KrF, vil det sterkt svekke Stortinget sin legitimitet i denne og liknande saker. Difor vert det no sett i gong eit breitt initiativ i høve til  Stortingsparti, fagrørsle, kommunar og organisasjonar for å vurdere eigen stemning av Stortinget for brot på Grunnlova. Nei til EU vil eventuelt vera del av eit slikt initiativ. Saman med våre partnarar vil vi konsultere den juridiske ekspertisen om framgangsmåten vidare og vil – om naudsynt – ta steg for å samle inn dei økonomiske midla som trengs for ein slik prosess.

For spørsmål eller kommentarar: 

  • Kathrine Kleveland | Leiar i Nei til EU | 928 25 162
  • Olaf Gjedrem | Nestleiar i Nei til EU | 930 63 697
  • Idar Helle | Nestleiar i Nei til EU | 986 76 403

reLATERT

Se alle arrangementer

Partienes EU/EØS-standpunkt før valget i 2025!

18. juni 2025

Se presentasjonen av Nei til EUs nye rapport med Einar Frogner og Morten Harper.

Nei til EU krever full stans i nye energiregler fra EU

13. juni 2025

Et stortingsflertall av Arbeiderpartiet, Høyre, Venstre, KrF og MDG har i dag vedtatt innføring av fornybardirektivet, bygningsenergidirektivet og energieffektiviseringsdirektivet. Nei til EU krever nå full stans i innføring av nye energiregler fra EU.

Nei til EU mobiliserer mot energipakke 4: Stortinget må si nei til EU-direktiver!

11. juni 2025

Markering torsdag 12. juni 16.00 på Eidsvolds plass. 

Vårt vern mot elektrosjokk: Ut av EUs energiunion!

06. juni 2025

Strømpriskrisa rammer vanlige folk, industri og landbruk. Ta tilbake kontrollen!

EU-sak mot Danmark om fornybardirektivet

05. juni 2025

EU-kommisjonen setter makt bak fornybardirektivets tidsfrister og andre krav for raskere behandling av kraftutbygging. Nå har kommisjonen åpnet sak også mot Danmark.

EUs fjerde energipakke må avvises samlet

03. juni 2025

Nei til EU trapper nå opp arbeidet mot EUs fjerde energipakke foran Stortingets behandling fredag 13. juni.

Jonas og Ernas EU-allianse er skadelig for Norge 

28. mai 2025

– Det kan koste Jonas Gahr Støre statsministerposten at han går i kompaniskap med Erna Solberg for å starte innføringen av EUs fjerde energipakke, sier Nei til EU-leder Einar Frogner.

Bit for bit

26. mai 2025

Regjeringen vil innføre EUs fjerde energipakke stykkevis og delt. Slikt blir det rettslig lapskaus av.

Ny De Facto-rapport om kraftpolitikk og norsk industri

22. mai 2025

Last ned rapporten «Pris og prioritering: To kraftige utfordringer for norsk industri», skrevet av Isak Lekve i De Facto.

– Lav strømpris viktig for industrien

15. mai 2025

– Det er viktig for norsk industri at vi har en forutsigbar og lav strømpris, sier John-Peder Denstad.

Kan gjøre det vanskeligere å iverksette klimatiltak

08. mai 2025

Innføring av EUs energieffektiviseringsdirektiv kan gjøre det vanskeligere å iverksette klimatiltak for norsk næringsliv. Nei til EU mener energieffektivisering i stedet bør gjennomføres med nasjonale krav, og at direktivene derfor må avvises i EØS.

EUs bygningsenergidirektiv kan ikke anses som EØS-relevant

07. mai 2025

Regjeringens forslag om å innføre EUs bygningsenergidirektiv avklarer ikke kostnader knyttet til gjennomføringen. Nei til EU mener direktivet ikke kan anses som EØS-relevant og må avvises.