Seminar og fanemarkering i regi av Industriaksjonen

Oslo 26. mars 2025. Kort oppsummering av Toril Mongstad, fylkesleiar Hordaland Nei til EU.  

26. mars var det  aksjonsdag med seminar og fanemarkering på Eidsvolls plass i Oslo, temaet var:
Strøm, energi, industri og EUs fjerde energipakke
Seminaret var i Kulturhuset i Youngsgate i Oslo  og det var stappfullt, interessa for temaet er stort.  
John Peder Denstad, leiar i Industriaksjonen, opna seminaret og informerte om Industriaksjonen sitt arbeidsområde og om det viktige i å ta vare på konkurransefortrinnet norsk industri har hatt i mange år, rimeleg og rein kraft. Han sa og noko som eg skal koma attende til:  Industriaksjonen har ikkje noko syn på EØS-avtalen.
Isak Lekve, De Facto, hadde innleiing om EUs fjerde energimarknadspakke, og han snakka og om krafta som marknadsvare eller infrastrukturelt gode som burde ha vore styrt på ein heilt annan måte.  
Næringslivet var representert ved direktørane for Glencore og Furnes Jernstøperi, Nils Gjelsten og Oddbjørn Maurdalen. Dei snakka begge om den avgjerande innsatsfaktoren straum, og at straumprisen til industrien er avgjerande for å kunna konkurrera i eksportsamanheng særleg. Industrien treng låge og stabile straumprisar.  
Sist i rekkja av innleiarar var professor emeritus Øystein Nordeng som snakka om straum og kraftpolitikk i EU. Han teikna eit dystert bilete av ein EU-industri i krise, og hard konkurranse frå andre land som Kina, India, USA mm. Han slo fast at EU ikkje har noko stor rolle i verdssamanheng, og at vekstpotensialet i eiga næringsliv er lite. Energipolitikken har feila, overgang til grønt skifte har ikkje vore godt nok planlagt, og energiprisane er høge.
Etter innleiingane var det politisk debatt med representantar frå fleire parti: Torgeir Knag Fylkesnes SV, Mani Husseini AP, Sofie Marhaug Rødt og Gro-Anita Mykjåland SP.  
Dei starta med korte innleiingar som handla om energipolitikk og korleis me kan ta kontroll på denne nasjonalt. Dei kom sjølvsagt også inn på andre saker som kan verta viktige i valkampen framover. AP-mannen Husseini vedgjekk at han var nei-mann, men ikkje medlem i NtEU lenger, og dermed var det ei slags semje om standpunktet til medlemskapsspørsmålet blant dei fire politikarane.  
Etter innleiingane slapp deltakarane til, og spørsmåla var mange. Sjølv stilte eg spørsmål om kva grunngjeving SV hadde for å freda EØS-avtalen i neste stortingsperiode. Her meiner SV at me må bruka handlingsrommet, og dei er overtydde om at det er der. Eg stilte og Husseini spørsmål om det han tok opp harmonerte med den praktiske politikken i regjeringa. Han vart og spurt om dei 5 rettsaktene i Energimarknadspakke 4, og om kva versjon av fornybardirektivet AP la opp til å innføra. Her svarte han mot det eigen energiminister har sagt, Åsland har varsla at  det er 2023-versjonen som vil verta innført, Husseini svarte 2018-versjonen.  Han gjekk langt i å garantera at dei 5 attståande rettsaktene ikkje kjem til å verta fremja av AP i neste periode, man svarte uklart på kva AP vil gjera om Høgre kjem i posisjon og fremjar desse.  

Etter seminaret var det fanemarkering og appellar på Eidsvolls plass. Mykje godt sagt, men alt for lite om at dagens politikk på energiområdet er ein konsekvens av EØS-avtalen.  
Det eg etterlyser i slike arrangement med eit så viktig tema på dagsorden, er den totale mangelen på å villa snakka om årsakssamanhengar. Den mykje diskuterte energipolitikken, dei uføreseielege, og i periodar svært høge straumprisane, har si forklaring, og denne finn me hovudsakleg i tilknytinga vår til EU, dvs EØS-avtalen. For EU er straum ei handelsvare, og energiunionen er underlagt den liberale marknadspolitikken. Denne er og traktatfesta i EU. Endringane i energipolitikken som kom tidleg på 90-talet gjorde straumen til ei børsvare. Ved innføring av 3. energipakke frå EU, her under ACER, er norsk sjølvråderett over krafta svært redusert. No står 4. energimarknadspakke for tur, og regjeringa har gjeve grønt lys for 3 av direktiva i pakken.
Resten av pakken er og EØS-relevant, og det er aukande press frå EU om å innføra heile pakken som inneheld 4 direktiv og 4 forordningar.  
Målet om å få kontroll over krafta kan følgjeleg neppe nåast innanfor EØS-avtalen som me er juridisk forplikta til å følgja. I debatten vert det lagt vekt på at handlingsrommet må brukast. Dette handlingsrommet skal gje oss moglegheit til å reservera oss. Men me er alt langt på veg ein del av eit felles europeisk energiunion og så lenge me har EØS-avtalen vil den integreringa halda fram. EU har klart uttrykt at målet er å integrera Norge fullstendig i energiunionen. Ressursane våre på dette området er svært viktige for unionen.  
Dette årsak-verknad-forholdet kjem ikkje godt nok fram i den viktige diskusjonen om kontroll på krafta. Derfor vert heile debatten haltande, målet er ein konsekvens av noko som vert halde utanfor diskusjonen, og som det synest å vera brei semje om skal haldast utanfor.  
Som fylkeslag og fylkesstyre vil me arbeida særs mykje med denne utfordringa. Den aukande avståinga av suverenitet og sjølvråderett er ein klar konsekvens av EØS-avtalen, det gjeld ikkje minst på det energipolitiske området. Målet vårt er å få dette tydeleg fram slik at det vert forståing for kvifor EØS-avtalen må reforhandlast, eller aller helst erstattast av ein handelsavtale utan overnasjonale, politiske diktat.  
Me er kampklare!

reLATERT

Se alle arrangementer

Partienes EU/EØS-standpunkt før valget i 2025!

18. juni 2025

Se presentasjonen av Nei til EUs nye rapport med Einar Frogner og Morten Harper.

Nei til EU krever full stans i nye energiregler fra EU

13. juni 2025

Et stortingsflertall av Arbeiderpartiet, Høyre, Venstre, KrF og MDG har i dag vedtatt innføring av fornybardirektivet, bygningsenergidirektivet og energieffektiviseringsdirektivet. Nei til EU krever nå full stans i innføring av nye energiregler fra EU.

Nei til EU mobiliserer mot energipakke 4: Stortinget må si nei til EU-direktiver!

11. juni 2025

Markering torsdag 12. juni 16.00 på Eidsvolds plass. 

Vårt vern mot elektrosjokk: Ut av EUs energiunion!

06. juni 2025

Strømpriskrisa rammer vanlige folk, industri og landbruk. Ta tilbake kontrollen!

EU-sak mot Danmark om fornybardirektivet

05. juni 2025

EU-kommisjonen setter makt bak fornybardirektivets tidsfrister og andre krav for raskere behandling av kraftutbygging. Nå har kommisjonen åpnet sak også mot Danmark.

EUs fjerde energipakke må avvises samlet

03. juni 2025

Nei til EU trapper nå opp arbeidet mot EUs fjerde energipakke foran Stortingets behandling fredag 13. juni.

Jonas og Ernas EU-allianse er skadelig for Norge 

28. mai 2025

– Det kan koste Jonas Gahr Støre statsministerposten at han går i kompaniskap med Erna Solberg for å starte innføringen av EUs fjerde energipakke, sier Nei til EU-leder Einar Frogner.

Bit for bit

26. mai 2025

Regjeringen vil innføre EUs fjerde energipakke stykkevis og delt. Slikt blir det rettslig lapskaus av.

Ny De Facto-rapport om kraftpolitikk og norsk industri

22. mai 2025

Last ned rapporten «Pris og prioritering: To kraftige utfordringer for norsk industri», skrevet av Isak Lekve i De Facto.

– Lav strømpris viktig for industrien

15. mai 2025

– Det er viktig for norsk industri at vi har en forutsigbar og lav strømpris, sier John-Peder Denstad.

Kan gjøre det vanskeligere å iverksette klimatiltak

08. mai 2025

Innføring av EUs energieffektiviseringsdirektiv kan gjøre det vanskeligere å iverksette klimatiltak for norsk næringsliv. Nei til EU mener energieffektivisering i stedet bør gjennomføres med nasjonale krav, og at direktivene derfor må avvises i EØS.

EUs bygningsenergidirektiv kan ikke anses som EØS-relevant

07. mai 2025

Regjeringens forslag om å innføre EUs bygningsenergidirektiv avklarer ikke kostnader knyttet til gjennomføringen. Nei til EU mener direktivet ikke kan anses som EØS-relevant og må avvises.