Samtidig ber landsstyret APs stortingsgruppe forsikre seg om at Noreg framleis har nasjonal kontroll over vasskraftressursane. Dei stiller opp ei rekkje krav til ein framtidig «avtale», blant anna:
- Nasjonal og samfunnsmessig kontroll over vasskraftressursane
- Minst to tredjedeler av vasskrafta skal vere offentleg eigd
- Norsk fornybar kraft skal bidra til verdiskaping og sysselsetting i Noreg
- Norske styresmakter skal ha kontroll over forsyningstryggleiken i Noreg
- Norske styresmakter skal bestemme om det skal byggjast fleire utanlandskablar
Landsstyreuttalinga er avslutta slik:
«Landsstyret setter som et ufravikelig krav, dersom stortingsgruppen går inn for å slutte seg til EUs tredje energimarkedspakke, at en eventuell videre utvikling i EUs regelverk på energiområdet ikke kommer i strid med de overnevnte krav. Dersom dette skulle inntreffe må det medføre at Norge umiddelbart reserverer seg fra og si nei til dette avtaleverket. Denne forutsetningen må vedtas i stortinget.»
Slike krav er skuebrød for folk. Det går imot fagrørsla og motstand i folket og i eige parti. Landsstyret vert villeia av Ja-til-EU-viljen i partileiinga. Forsikring kan landsstyret ikkje få ved å be stortingsgruppa eller Stortinget om å «å forsikre seg om» noko som helst. Det er kun EU som kan gi slike forsikringar – og forsikringar må takast inn som Felleserklæring som del av EØS-avtalen. Alt anna er ikkje anna enn tilsløring og fungerer som lureri.
Hvis AP i framtid skulle kome til å ønskje å slutte Noreg til ACER, er det bare eitt muleg råd å gi, at AP forlangar at regjeringa først opnar forhandlingar med EU med sikte på å få til ei ny Felleserklæring i EØS-avtalen der krava frå AP kjem inn.