
Kvinnedagen: Strømprisen skal ikke bestemmes av EU!
Det er uholdbart høye strømpriser. Sjøl om Norgespris demper noe av utslagene for private husholdninger, sliter kommuner og næringsliv med strømprisene som importeres fra Tyskland og kontinentet.

Kvinnekonferansen 2018 «Kvinnelønn og fattige familier i Norge og EU» går føre seg i helga 27.–28. oktober. Gülay Kutal frå SV innleidde om situasjonen for kvinner i arbeidslivet i Noreg og EU og lønsgapet som ikkje blir vekk.
Gülay Kutal fortalde at det er store skilnadar på EU og Noreg når det gjeld likestilling.
– Berre to prosent av mennene i EU tek ut pappaperm. Barnehagar er få og dyre. I Noreg har vi full barnehagedekking og sytti prosent av norske menn tek ut pappapermen. Dette gjer det enklare for norske kvinner å delta i arbeidsmarknaden, enn det er for kvinner i EU.
– Vi krever lik løn og lik status for arbeid som genererer lik verdi for samfunnet. Vi har ikkje reell likestilling før vi har økonomisk likestilling.
– Likestillingskampen har vunne fram på fleire viktige område i Noreg ved å legge til rette for kvinner si deltaking i arbeidslivet og eit meir likestilt foreldreskap.
– Målet er ikkje heilt nådd og likestilingskampen må halde fram. Vi må styrke retten til heile stillingar og sikre ei verdig og likestilt lønsutvikling. Kvinner må få hjelp til ulønna omsorgsoppgåver slik at dei kan vere økonomisk uavhengige og unngå fattigdom.
– Det er framleis store arbeidslivsutfordringar for kvinner med minoritetsbakgrunn, knytt til språk, og utdanning. I tillegg vert dei framleis utsett for diskriminering på bakgrunn av etnistitet.
Sjølv om dei fleste i Noreg har romsleg økonomi er det framleis mange som slit økonomisk. Kvinner er overrepresentert blant sosialhjelpsmottakarar, einslige og personar med lav inntekt. Det er meir vanleg blant kvinner enn menn å delta i «gig-økonomien». Det vil seie midlertidige kontrakter og nulltimerskontrakter.
Kvinner i Noreg tener 87 kroner for kvar hundrelapp menn tener.
– Endringa går for sakte. Om vi skal halde fram i same tempo som i dag vil det ta enda 30-40 år før vi har likeløn.
– Kampen for likeløn er like mykje klassekamp som kvinnekamp. Det er på tide med ein likelønspott når lønsoppgjeret kjem. Vi krever lik løn og lik status for arbeid som genererer lik verdi for samfunnet. Vi har ikkje reell likestilling før vi har økonomisk likestilling.
– På Island vert arbeidsgjevarar pålagde å sikre lik løn for kvinner og menn med arbeid av lik verdi. Denne vurderinga skal gjerast på bakgrun av kompetanse, ansvar, anstrengelse og arbeidsmiljø.
– Vi må ta fatt i verdsettingsdiskrimineringa. Noko av forklaringa til lønsgapet mellom kvinner og menn ligg i dei store skilnadane i lønsnivå melom offentleg og privat sektor.
– SV ber regjeringa utgreie ein likelønsordning etter modell av Island. Vi krever også likelønspott, tiltak for auka bruk av heiltid og tiltak for å motverke den kjønnsdelte arbeidmarknaden, sa Gülay Kutal.
Flere presentasjoner fra konferansen:
Flere artikler og presentasjoner fra kvinnekonferansen: Deltidsfelle i Europa og Likestillingspolitikk i Norge og EU.

Det er uholdbart høye strømpriser. Sjøl om Norgespris demper noe av utslagene for private husholdninger, sliter kommuner og næringsliv med strømprisene som importeres fra Tyskland og kontinentet.

Skal vi demme opp for ytre høyre, må vi finne en annen vei enn den Mette Frederiksen har pekt ut.

I tradisjon tro arrangerte LO i Trondheim og omegn, LO i Oslo, Faglig utvalg i Nei til EU og Sør-Trøndelag Nei til EU formøte på Trondheimskonferansen. Møtet var godt besøkt, med over 90 deltagere. På formøtet ble det innledet om en rekke aktuelle temaer knyttet til EU og EØS.