Ikkje gi EU makta over krafta!

Blir Norge medlem av ACER, vil me gi frå oss makta over krafta — bit for bit.

Leiv Olsen 2
Leiv Olsen

I mars skal Stortinget avgjera om Norge skal bli med i EUs energibyrå, ACER. Gjer me det, vil ACER få myndighet til å pålegga Norge å bygga fleire kablar for å eksportera energi, og ACER skal bestemma korleis inntektene frå energieksporten skal nyttast — til å bygga nye kablar, og vedlikehalda dei, eller til å subsidiera nettleiga? I praksis vil ACER avgjera kor mye energi me skal eksportera, og til kva prisar. Eit uttrykt mål er at energi skal overførast «saumlaust» i ein felleseuropeisk marknad, der prisane ikkje skal variera for mye frå leverandøren til mottakarlandet.

Forslaget går ut på at Norge opprettar ein ny reguleringsmyndighet for energi, RME, som skal skiljast ut frå Vassdragsvesenet (NVE). RME skal få instruksar frå ACER, men ikkje frå norske myndigheter. Norske myndigheter skal ikkje ha lov til å påverka RME.

EUs interesser får forrang

Er dette viktig? Det inneber at EUs interesser får forrang føre norske. EU ønskjer ein felles energimarknad der energi skal flyta «saumlaust» i heile Europa, styrt av marknaden og med minimale prisforskjellar. Norge ønskjer sikker strømforsyning, beredskap mot flaum- og skredfare, begrensa skadar i naturen og låge prisar til norsk kraftkrevande industri. Slike hensyn vil ikkje bli heilt neglisjert, men dei vil komma i andre rekke dersom ACER vurderer hensynet til EU-marknaden som viktigare. Myndigheten, avgjersla blir overlatt til ACER, det vil seia til EU.

Stopp planane om norsk medlemskap i ACER! Stortinget må behandla saka etter Grl. § 115.

Regjeringa, energiminister Søviknes og talsmenn for departementet hevdar dette ikkje er noko inngrep i norsk sjølvråderett. Departementet argumenterer med at det ikkje er regjeringa, men Vassdragsvesenet, som avgir myndighet (Klassekampen 23.1.). Men når fekk statlege direktorat fullmakt til å avgi nasjonal myndighet? Søviknes argumenterer med at ACER skal løysa konfliktar der to land har ulike syn (Klassekampen 25.1.). Men korleis skal ACER løysa slike konfliktar? Dei skal ikkje bare mekla, dei får myndigheten til å diktera. Den norske regjeringa får ikkje lenger lov til å gripa inn.

Null slingringsmonn

ACER blir ein del av den påtenkte energiunionen i EU. Bestemmelsene om denne blir ikkje gitt som direktiv, men som forordningar. Direktiv kan tillempast i kvart enkelt land, forordningar må innførast ord for ord, utan at ein kan endra eit komma. Her gis null slingringsmonn. ACER er den fyrste av fleire forordningar, fleire vil komma. Blir Norge medlem av ACER, vil me gi frå oss makta over krafta — bit for bit.

Grunnloven (Grl.) § 115 slår fast vilkåra for å avstå suverenitet. Norge kan bare avstå suverenitet på eit avgrensa område, og bare med tre fjerdedes fleirtal. Regjeringa foreslår å vedta norsk medlemskap i ACER ved simpelt fleirtal, éi stemmes overvekt. Det bryt med Grunnloven.

Stopp planane om norsk medlemskap i ACER! Stortinget må behandla saka etter Grl. § 115.

  • Innlegget har stått på trykk i Stavanger Aftenblad. 

Stort bilde i toppen: (CC0)

reLATERT

Se alle arrangementer

Vi må få kontroll på krafta

30. aug. 2025

Stem på parti som har de samme måla som vi har, når det gjelder å få kontroll på krafta, oppfordrer Ståle Knoff Johansen.

Fornybardirektivet undergraver målene i Naturavtalen

29. aug. 2025

Det finnes mange måter å få til en reell grønn omstilling – det klarer vi best om vi står utenfor EUs energiunion.

EUs fornybardirektiv vil eskalere naturkrisa

29. aug. 2025

Folket vil ikke ha vindkraft!

– Ta kontroll over krafta!

26. aug. 2025

– Nei til EU krever at Stortinget sier nei og legger ned veto mot EUs energipakke 4, sier Heidi Larsen, nestleder i Nei til EU.

Er det ikke bare for SV og Rødt å si det samme som Vedum?

22. aug. 2025

Det enkleste er at SV og Rødt ikke inngår budsjettsamarbeid uten at Ap garanterer at det ikke innføres nye energidirektiv, spesielt EUs fjerde energipakke.

Erna bløffer på direkten om EØS og strømpriser

08. aug. 2025

Høyre-leder Erna Solberg hevder at strømprisene ikke har noen ting å gjøre med Acer og EØS-avtalen. Det er ikke riktig. Prissmitten fra EUs kraftmarked har gitt historisk høye og ustabile priser i Norge.

Ulovlig hemmelighold om EUs støtte til Nussir-gruva

04. aug. 2025

Dette bør bekymre både tilhengere og motstandere av EU/EØS i Norge, samt borgere i de alle land der EU nå tillater seg innblanding med å støtte gruveprosjekter. EU gjør vedtak av stor virkning for miljøet i disse landa, men nekter borgere i de berørte landa tilgang på informasjon om hva vedtaka bygger på.

Partienes EU/EØS-standpunkt før valget i 2025!

18. juni 2025

Se presentasjonen av Nei til EUs nye rapport med Einar Frogner og Morten Harper.

Nei til EU krever full stans i nye energiregler fra EU

13. juni 2025

Et stortingsflertall av Arbeiderpartiet, Høyre, Venstre, KrF og MDG har i dag vedtatt innføring av fornybardirektivet, bygningsenergidirektivet og energieffektiviseringsdirektivet. Nei til EU krever nå full stans i innføring av nye energiregler fra EU.

Nei til EU mobiliserer mot energipakke 4: Stortinget må si nei til EU-direktiver!

11. juni 2025

Markering torsdag 12. juni 16.00 på Eidsvolds plass. 

Vårt vern mot elektrosjokk: Ut av EUs energiunion!

06. juni 2025

Strømpriskrisa rammer vanlige folk, industri og landbruk. Ta tilbake kontrollen!

EU-sak mot Danmark om fornybardirektivet

05. juni 2025

EU-kommisjonen setter makt bak fornybardirektivets tidsfrister og andre krav for raskere behandling av kraftutbygging. Nå har kommisjonen åpnet sak også mot Danmark.